Når nokon bestiller eit bukkehorn eller eit flishorn hjå meg, er grunntona det dei oftast er usikre på. Dette er det eg pleier å svare.
Grunntona er tonen skalaen på instrumentet byggjer på, og den tonen dei fleste låtane endar på. Ho seier kor høgt eller lågt instrumentet ligg. Ho seier ikkje kor godt det spelar.
Hornet bestemmer
Eit horn er eit naturemne. Storleiken på hornet avgjer kor lågt det kan gå, og eg kan ikkje strekkje eit lite horn til ein låg tone. Difor ligg grunntona på bukkehorna mine som oftast millom E og B♭, på flishorna millom E og A♭ og på kuhorna millom A og D.
På bukkehorn og flishorn er det to storleikar. Horn med grunntone frå C ned til G (C, B, B♭, A, A♭, G) er dei vanlege. Horn i G♭, F og E må vere større, og slike horn er sjeldnare. Dei kostar 1 000 kr meir. Kuhornet og meråkerklarinetten har éin pris, uansett grunntone.
Det finst inga fasit
Eit større horn gjev ein lågare tone, og difor vil du oppleve klangen som mørkare. Det kjem av at tonen ligg lågare, ikkje av at det store hornet har meir fylde.
Sjølv har eg ingen sterk favoritt. Eg spelar like gjerne på F-hornet mitt som på B♭-hornet. Dei har ulik karakter, men begge er gode horn. Alle bukkehorn kan bli gode instrument, kvart med sine kvalitetar og sin eigen identitet. Har du ikkje noko særskilt ønske, vel eg eit horn til deg, og det er heilt greitt.
Moll ligg i fingrane, ikkje i grunntona
Somme spør om dei kan få eit horn som gjev ei melankolsk stemning. Grunntona flyttar heile skalaen opp eller ned, men ho endrar ikkje kva slags skala hornet har. Avstandane millom fingerhòla er dei same på eit horn i C som i A.
Spelar du finger for finger på eit bukkehorn, får du ein rein mollskala. Det melankolske får du altså på kva horn som helst. Vil du spele i dur, stokkar du fingrane litt annleis: til tersen løfter du langfingeren som finger nummer to, i staden for ringfingeren.
Bukkehornet er eit instrument med svak intonasjon, so noko svevande kan tonaliteten bli likevel. Det er ei øvingssak.
Spelar du åleine eller med andre
Skal du spele åleine, kan du velje fritt. Skal du spele saman med andre instrument, må grunntona passe med dei. Eit horn er ikkje stemt som eit piano, og du kan berre i liten grad trekkje tonen. Spør dei du skal spele med kva tonearter dei brukar mest, og skriv det i bestillinga.
Notearkivet passar til alle grunntonar
I notearkivet mitt er horn-låtane skrivne som om hornet har grunntone C. Det er den same skrivemåten som Norsk Lur- og Bukkehornlag brukar. På kvar noteside er det ein mikrofonknapp. Spel grunntona på hornet ditt, so flyttar spelaren notane til tonearten din, og du høyrer låta slik ho skal låte på ditt horn. Du treng altså ikkje velje grunntone etter notane.
Meråkerklarinetten
Meråkerklarinetten lagar eg i A. Det er den tradisjonelle tonearten, og det er standarden hjå meg. Etter særskilt ønske lagar eg han òg i G og B♭, men dei er for deg som har særskilde musikalske behov. På ein klarinett i G ligg fingerhòla om lag 12 prosent lenger frå kvarandre enn på A, so G høver berre om du i tillegg har store hender og kan gripe over alle hòla utan å strekkje deg. På produktsida ligg det ein mal du kan skrive ut og leggje fingrane på.
Fingerhòla blir tilpassa deg
Det beste er om du har høve til å kome innom verkstaden i Oslo og vere med og bestemme kvar fingerhòla skal sitje på hornet du har bestilt. Då blir hornet tilpassa deg og handa di so godt som mogleg. Skriv i bestillinga at du vil kome innom, so avtalar me tid.
Har du ikkje høve til det, set eg fingerhòla slik at dei bør passe alle, ut frå røynsla mi. Har du særskilt små eller store hender, skriv det i bestillinga.
Horn som er klare no
Under Raritetar i butikken ligg det av og til horn som alt er ferdige, med kjend grunntone. Dei er rimelegare og kan sendast med ein gong. Treng du hornet før ventetida er over, til dømes til ei gåve, er det verdt å sjå der fyrst.
Ønsker du ei bestemt grunntone, skriv det i kommentarfeltet når du bestiller. Eg kan ikkje love det, for hornet set grensene, men eg gjer det eg kan. Er du framleis usikker, send meg ei melding og fortel kva du skal bruke instrumentet til.


