Det er ikkje mykje å tenke på når det kjem til vedlikehald av sjølve hornet – bruk sunn fornuft:
– Hald det tørt når du ikkje spelar på det
– Unngå store temperatursvingningar
– Ikkje bruk det som boomerang
– Om hornet blir litt matt i fargen med tida, kan du gi det ein runde med nøytral matolje eller linolje. Dette er rein estetikk og påverkar ikkje tonen.
På instrument med flis (tungehorn/flishorn/meråkerklarinett) er flisa ein slitedel. Over tid kan ho bli mjuk, sprekke eller miste responsen.
Nye fliser kan kjøpast av meg.
Ja. Eg sender trygt til heile verda, med sporingsnummer der det er tilgjengeleg.
Kundar utanfor Noreg betaler ikkje norsk MVA, så prisen blir automatisk lågare i nettbutikken.
Ja, men det er ein stor fordel å ha erfaring med eit liknande instrument frå før. For bukkehorn og lur er da erfaring med messingblåsinstrument eit fortrinn.
Dette varierer frå horn til horn. Dei fleste bukkehorn av trompettypen har i utgongspunktet 6 tonar (5 fingerhòl), men ein kan fort produsere eit toneomfang +/- ein oktav med litt trening.
Ingen to bukkehorn er identiske – det er ein del av sjarmen.
Ja. Alle instrumenta blir laga for hand, og eg kan plassere fingerhòla etter handa di. Men da er det enklast om du kjem innom verkstaden i Oslo sjølv og prøveheld hornet. Om det ikkje er mogleg, kan du sende meg ein e-post med tankar om fingerhòlavstand.
Ja. Eg bruker kun norske, sporbare materialar, og horna kjem frå geit eller storfe frå småbønder – frå dyr som uansett er slakta for kjøtt og mjølkeproduksjon.
Ingenting blir henta frå trofé- eller prydindustri.
Horn er overraskande robuste, men om noko skjer:
ta kontakt, så ser vi på saka. Send gjerne bilete av skaden. Ofte kan det reparerast.