Nyhendebrev

Nyhende frå verkstaden

Vil du ha nyhende rett frå verkstaden, utan at dei må kjempe seg gjennom algoritmar og filterbobler i sosiale medium? Meld deg på nyhendebrevet, så får du oppdateringar frå meg i innboksen tre–fire gonger i året.

Er du òg lei av at amerikanske og kinesiske teknologiselskap eig dataa dine og vel kva du får sjå, er eit godt, gammaldags nyhendebrev ei løysing. I brevet fortel eg kva som skjer på og utanfor verkstaden, om treff og kurs du kan vere med på, om nytt i notearkivet og om kva som står på arbeidsbenken. Med berre tre–fire brev i året slepp du å irritere deg over at innboksen går full! Du vel sjølv om du vil ha brevet på norsk eller engelsk, og du kan melde deg av når du vil.

Språk

Eg sender nyhendebrev tre–fire gonger i året om nye instrument, treff, kurs og notar. Du kan melde deg av med lenkja nedst i kvart brev. Brevo sender brevet for meg, sjå personvernerklæringa.

Handlekorg
Skroll til toppen