Notearkiv
Her finn du eit utval songar og korte trudeluttar som kan spelast på dei ulike instrumenta. Bruk filtera for å avgrense etter instrument, region og type.
Notearkivet er ei veksande samling med gratis notar for norsk folkemusikk på tradisjonelle blåseinstrument som bukkehorn, flishorn, meråkerklarinett og lur. Kvar låt kan spelast av rett i nettlesaren, transponerast til instrumentet ditt og lastast ned som PDF.
Alt er fritt å bruke med kreditering, også i undervisning.

Bånsull frå Hemne
Ein enkel bånsull som eg har lært av nestor Geir Egil Larsen frå Verdal. Perfekt for nybyrjarar!

Bånsull frå Narjordet
Bånsull frå Narjordet i Østerdalen, arrangert for to likestemte horn av Jørn Simenstad.

Bukkehornvals frå Verdalen
Bukkehornsvals framført tå Geir Egil Larsen, etter Jon Suul – begge frå Verdal.

Bussa, Snåla, Dunderman
Vallåt frå Långheden i Dalarna — «Bussa, Snåla, Dunderman!». Etter Dybeck 1846.

Getalåten
Getalåten — stemd i når geitene var attfunne. Etter Dybeck 1846.

Gjendines bånsull
Noregs (truleg) mest kjende bånsull, sungi av Gjendine Slålien.

Gjetarsong etter Bergljot Nordnes
Ein gjetarsong etter Bergljot Nordnes, nedteikna av broren Helge Dillan i 1949.

Halling etter Hans Gilland
Ein halling etter Hans Gilland, vidareført av sonen Harald Gilland — som var ein renessanse-mann for meråkerklarinetten.

Hallingen hans Martin Myhr
Ein halling tå Geir Egil Larsen, tileigna den meriterte folkedansaren Martin Myhr.

Hoppvals etter Hans Gilland
Den einaste av klarinettslåttane som Harald Gilland kunne minnast at faren faktisk spelte på klarinetten.

Hornlåt nr. 10 etter Dybeck
Hornlåt frå Öster-Dalarna, blæst når sauene var attfunne. Etter Dybeck 1846.

Hornlåt nr. 12 etter Dybeck
Todelt kvilelåt frå Öster-Dalarna — til vallkullene og til buskapen. Etter Dybeck 1846.

Hornlåt nr. 13 etter Dybeck
Kvilelåt frå Mora, blæst på vallhorn. Etter Dybeck 1846.

Hornlåt nr. 14 etter Dybeck
Kveldslåt frå Jämtland med lange opphald mellom frasane. Etter Dybeck 1846.

Hornlåt nr. 2 etter Dybeck
Grunnformelen for hornlåtane i Västmanlands skogsbygd. Etter Dybeck 1846.

Hornlåt nr. 4 etter Dybeck
Fingerpipelåt frå Hälsingland, blæst på vegen til fäbodane. Etter Dybeck 1846.

Hur käckt var det då
Klagelåt frå Rättvik, framførd når noko leitt hende i vallskogen. Etter Dybeck 1846.

Kom Snälla
Lokk frå Grytnäs i Dalarna — «Kom Snälla, Snälla». Etter Dybeck 1846.

Ku-leken
Vallhornlåt frå Rättvik i Dalarna som leidde og samla buskapen. Etter Dybeck 1846.

Lars Linkelifot
«Lars Linkelifot» er ei norsk folkevise som er kjent frå store delar tå Noreg, med noko ulik melodi og tekst.

Lekete, lekete
Gledeslåt frå Rättvik når kyrne var attfunne. Etter Dybeck 1846.

Lisse ko (Tuna)
Lokk frå sør-Dalarna når ei ku var bortkomen — «Lisse ko!». Etter Dybeck 1846.

Lisse ko (Västmanland)
Kveldslokk frå Västmanlands skogsbygd — «Lisse ko!». Etter Dybeck 1846.

Lurtone frå Selbu 1
Lurtone etter Marit Julseth (1895–1974) frå Selbustrand, i moll med både høg og låg sjette og sjuande.

Lurtone frå Selbu 2
Lurtone i fritt tempo etter Marit Julseth (1895–1974) frå Selbustrand, bygd på naturtonane c, e og g.

Nu rinder Solen op
Gammal og velkjend morgonsalme med tekst av Thomas Kingo (1634–1703).

Pekkos Anna
Veksellåt mellom horn og song frå Rättvik — vallkullene ropar til kvarandre. Etter Dybeck 1846.

Sautrall frå Østerdalen
Sautrall etter Jon Gjelten – ein levande setermelodi frå Østerdale som skildrar fjelliv og budeietradisjon.

Sprengar I etter J.J. Brekken
Ei av dei eldste slåttane frå Stordalen i Meråker, etter Johannes J. Brekken (1858–1931).

Springar på lur frå Selbu
Springar som Marit Julseth (1895–1974) frå Selbustrand spelte på lur.

Svarttrosten
Ein pols etter Ellen Marie Tangen, arrangert for to likestemte horn av Jørn Simenstad.

Syrg ikkji, gråt ikkji
«Syrg ikkji, gråt ikkji» er ein bånsull frå Hallingdalen, med ein noko heftig tilhøyrande tekst.

Vals frå Stordalen
Ein vals frå Stordalen i Meråker

