Kva er dette?
Dette er halvfabrikat einerfliser til flishorn, i same standardmål som eg brukar på alle flishorn eg lagar (sjå bilete). Flisene er førehands-dimensjonerte, men bevisst ikkje ferdigbøygde eller nedpussa til slutt-tjukn. Du gjer enklaste del sjølv: bløyting i varmt (ikkje kokande) vatn, bøy, puss og finjustering til ønska form og tjukn.
Kvifor velje halvfabrikat?
Rimelegare og raskare enn ferdigtilpassa fliser.
Tilpass sjølv tykkelse og respons til ditt munnstykke og spelemåte.
Alltid reserve i bakhand – utan å måtte sende inn hornet.
Passar til
Alle flishorn laga av meg (standardmål frå 2024).
Andre flishorn kan òg fungere, men kan kreve ekstra tilpassing av fasong.
Innhald i pakningen
5 stk / 10 stk einerfliser (halvfabrikat), sortert og kutta etter mine standardmål.
Slik bruker du dei (kort steg-for-steg)
Bløyt flisa i varmt, ikke kokande vatn i 20-30 min.
Bøy roleg over anlegget på hornet ditt.
Fest og tørk (t.d. lintråd) til ho held fasongen.
Puss overflate/kanter lett med fint sandpapir.
Finjustér tjukn etter behov. Test – små justeringar gjer stor forskjell.
Tips: Mindre puss først. Test, så justér. Det er lettare å ta litt meir seinare enn å redde ei for tynn flis.
Vanlege spørsmål (FAQ)
Passar dei til andre flishorn?
Som regel, men små forskjellar i munnstykke kan kreve ekstra tilpassing.
Kor varmt vatn?
Varmt, ikkje kokande. Kast flisa gjerne oppi ein vasskokar, skru på og la stå i 20-30 minutt.
Kor lenge held ei flis?
Avhenger av bruk, fukt og oppbevaring. Ha gjerne 2–3 innspelte fliser i rotasjon.







Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.