Gi nytt liv til dine horn
Eg kjøper horn (min. 30 cm) – helst geitehorn, men også sauehorn og kuhorn – til bruk i tradisjonelle norske blåseinstrumenter.
Har du horn liggande, eller tilgang via gard, slakteri eller anna? Eg gir dei nytt liv som musikkinstrument – som bukkehorn, flishorn, kuhorn eller fløyter.
Kva eg ser etter
- Geitehorn (prioritert), også sauehorn og kuhorn
- Lengd: minimum 30 cm (målt langs innsida av bogen)
- Helst heile, reine og ubehandla horn
Lengd & måling
Mål langs kurva frå videnden (ved skallen) til horntuppen. Legg målebandet på innsida av hornet, ikkje i rett linje.
Tilstand & hygiene
- Tørre, reine er best
- Små sprekker kan vurderast – send bilete
- Om horna er rå – legg dei i salt
Pris & levering
- Pris avhenger av art, storleik og kvalitet (eller donér om du vil!)
- Levering: post (godt pakket) eller oppmøte etter avtale
- Betaling etter avtale (Vipps, bank o.l.)
Har du horn? Ta kontakt!
Send gjerne bilete + mål og fortell kort om antal horn og tilstand. Eg svarar raskt og avtalar pris og levering.
Kva for horn er mest interessante?
Geitehorn er førstevalet. Saue- og kuhorn vurderast også, forutsatt god lengd og kvalitet.
Korleis pakkar eg for sending?
Legg i salt om horna er ferske, pakk inn i papir/stoff, deretter i papp eller bobleplast. Unngå fuktige materialer. Fyll tomrom i esken sånn at hornet ikkje beveger seg.
Kan eg levere personleg?
Sjølsagt! Ta kontakt for å avtale tid og stad.