Om meg

Eg heiter Karstein Grønnesby, kjem frå Steinkjer, bur i Oslo og lagar tradisjonelle blåseinstrument 👋 Difor har eg landa på sjøltituleringa «Blåsemaker».

Som blåsemaker arbeider eg med å vidareføre det tradisjonelle handverket som har vorti overført gjennom generasjonar. Sjølv har eg lært å lage instrument frå tradisjonsberarar som Magnar Storbækken, Nils Underhaug og Jan Nordkvist. Kvart instrument er unikt, forma av både materialet sine naturlege eigenskapar og musikaren sine spesifikke behov. Instrumentemna eg jobbar med er frå Noreg – både trevirke og horn – og er forma av og med naturen.

Målet mitt er å halde denne tradisjonelle kunnskapen levande, samstundes som eg utforskar nye moglegheiter innan feltet. Eg jobbar difor ofte tett ilag med musikarar på utforminga av instrumenta deira, og tek på meg spesialbestillingar frå profesjonelle musikarar.

Om du er interessert i å bestille eit instrument, lære meir om tradisjonane, legge inn ei spesialbestilling eller har andre spørsmål – send meg ein lyd via kontaktskjemaet under.

Verkstaden

Eg held til i ein gamal tekstilfabrikk langs Akerselva, i Brenneriveien 9 – same «tun» som konsertscena Blå, Strykejernet kunstskole og fleire andre kulturverksemder. Huset har røter tilbake til 1800-talet, og er i dag fylt av musikk, kunst og handverk. Du er hjarteleg velkomen innom for å prøve og kjøpe eit instrument, hente ei bestilling eller levere inn emner – etter avtale.

Verkstaden er først og fremst eit arbeidsrom utan faste opningstider, så send meg gjerne ei melding via kontaktskjemaet under om du vil innom, så finn vi eit tidspunkt som passar begge.

Kauk ut:

Name
Skroll til toppen