Norske blåseinstrument

Folk som tingar instrument av meg spør oftast om det same. Kva skil eit bukkehorn frå eit flishorn, og kva slags instrument er eigentleg ein meråkerklarinett? Svaret ligg i korleis tonen blir laga. Dei folkelege blåseinstrumenta i Noreg voks fram i det same arbeidet, på sætra og i gjetinga, men dei høyrer til tre ulike familiar. Veit du kva for ein familie instrumentet ditt tilhøyrer, veit du òg kva du kan vente deg av klang, grep og øvingstid.

Tre måtar å lage tone på

Alle instrumenta på denne sida er røyr som du set i svinging med pusten. Skilnaden ligg i kva som får lufta til å svinge.

Leppene. På trompethornet, kuhornet og luren pressar du leppene mot ei blåseopning og lèt dei vibrere, som på ein trompet. Det finst ingen laus del. Instrumentet er berre eit røyr, og resten er deg. Difor tek desse lengst tid å lære, og difor kan dei heller aldri slutte å virke. På trompethorn set ein munnen i munnvika, ikkje midt på munnen slik ein trompetist gjer.

Ei flis eller eit røyrblad. På flishornet og meråkerklarinetten sit det ei tunn flis surra fast på blåseenden. Ho slår mot underlaget og klipper luftstraumen opp i småbitar. Prinsippet er klarinetten sitt, og klangen blir deretter, kvassare og meir gjennomtrengjande enn på eit trompethorn. Til gjengjeld er flisa ein slitedel som må skiftast, og ho spelar best når ho er fukta.

Luft mot ein skarp kant. Seljefløyta har blokk og luftkanal som ei blokkfløyte. Pusten blir styrt gjennom ein smal kanal og delt mot ein kant, og då er det instrumentet som gjer nesten heile jobben. Du treng ingen ansats. Difor lærer ungar seljefløyte på ein ettermiddag, medan bukkehornet tek ein vinter.

Naturtonerekkja er den felles grunnen

Eit røyr utan fingerhòl kan berre spele éin ting, og det er naturtonerekkja. Det er tonane som ligg over grunntonen når røyret svingar i to, tre, fire deler og så vidare. Luren har inga fingerhòl. Seljefløyta har ikkje eitt einaste. Eit signalhorn utan hòl har det heller ikkje. Alle tre hentar tonane sine frå den same rekkja, berre på ulikt nivå i henne.

To av tonane i rekkja finst ikkje på eit piano. Den sjuande naturtonen ligg for lågt til å vere ein vanleg septim, og den ellevte ligg midt imillom kvart og kvint. Det er nettopp desse to som gjev lurlåta og seljefløytelåta klangen som slår mange som framand og heimleg på ein gong. Her kan du høyre heile rekkja frå ein lur i G. Trykk på tal 7 og 11 og lytt etter avviket.

Høyr naturtonerekkja

Trykk på eit tal for å høyre den naturtonen. Avvik frå temperert stemming er vist i cent (¢).

Instrumenta med fingerhòl slepper ikkje unna dette. Bukkehornet og meråkerklarinetten bryt ut av rekkja og får ein skala, men klangidealet og mange av vendingane i slåttane kjem frå ho likevel. Tonetrinna var aldri ei rekkje av heile og halve tonar slik pianoet har dei. Det viktigaste var at rammeintervalla stod reine mot grunntonen, helst kvarten eller kvinten, medan ters, sekst og septim fekk flyte millom dei tempererte tonane.

Kvar instrumenta høyrde heime

Instrumenta er ikkje jamt fordelte over landet. Dei to horntypane deler Noreg nesten i to. Trompethornet rådde på Vestlandet og i den vestre delen av Austlandet, i Hallingdal, Numedal, Telemark, Hordaland, Sogn og Fjordane og Valdres frå Aurdal og nordetter. Flishornet med einerflisa hadde tyngdepunktet sitt i Trøndelag og dei austre delane av Innlandet, i Gudbrandsdalen, Glåmdalen, Trysil, Solør og flatbygdene rundt Mjøsa. Grensa millom dei følgjer merkeleg nok den gamle grensa millom hardingfele og flatfele, utan at nokon har gjeve ei god forklaring på kvifor (Sevåg 1973).

Sevåg åtvarar sjølv mot å lese for mykje ut av materialet sitt. Det er lite og geografisk skeivt, og Aksdal sitt nyare materiale viser leppeblåste horn òg inne i flishorn-området. Kartet under er difor grovt, men hovudbiletet står.

Trompethorn og flishorn i Noreg

VestlandetTelemarkGudbrandsdalenTrøndelagRogalandAgderNordlandTromsFinnmark

Trompethorn-område

Hallingdal, Numedal, Telemark, Hordaland, Sogn og Fjordane og Valdres nord for Aurdal

Tonen blir laga med leppevibrasjon mot blåsehòlet, som på ein trompet. Truleg den eldste typen. Han dekte nok ein gong heile landet.

Flishorn-område (tungehorn)

Trøndelag, Gudbrandsdalen, Glåmdalen, Trysil og flatbygdene rundt Mjøsa

Påsett flis av einer gjer at hornet verkar som ein klarinett. Dominerte her så sterkt i seinare tid at mange ikkje kjende trompettypen.

Begge typar

Agder, Rogaland, Møre og Romsdal og Valdres sør for Aurdal – dessutan Nordland og Troms

Blandingssoner der dei to horntypane levde side om side.

Ikkje særskilt omtala

Bygdene rundt Oslofjorden og Finnmark

Kjeldene seier lite om horntradisjonen i desse områda.

Trykk på sonene i kartet for meir informasjon.

Etter Sevåg (1973) og Aksdal (2023). Sonegrensene er skjematiske – Aksdal sitt nyare materiale viser trompethorn òg i flishorn-områda.

Meråkerklarinetten er endå meir lokal enn horna. Han høyrer til Stordalen i Meråker i Trøndelag, og var nær ved å forsvinne heilt før Harald Gilland (1912–1992) tok opp att tilverkinga midt på 1950-talet.

Bukkehorn

Bukkehornet er eit horn av geitebukk, ku, okse eller vêr, med blåsehòl i spissen og som regel tre til fem fingerhòl. Ordet har vorti eit slags samlenamn for horn ein spelar på, men geitebukken har vori hovudleverandøren. Lokale namn seier mykje om bruken: prillarhorn om hornet med fingerhòl å prille på, lokkehorn om det ein kalla buskapen med.

Det eldste daterte spelhornet i landet er berre 23 centimeter langt, kjem frå Nord-Fron i Gudbrandsdalen og ber innskrifta «ROLANDS HORN + ESUS + NAFN. ANNO 1656 MID ANE NIELSDATTER» (Sevåg 1973, s. 36). Legg merke til kvinnenamnet. Hornet var minst like mykje eit kvinneinstrument som eit mannsinstrument, for det var budeiene og gjetarjentene som brukte det til dagleg.

Bukkehorna eg lagar, har fem fingerhòl, og grunntona ligg som oftast millom E og B♭.

Les meir om bukkehornet

Flishorn

Flishornet, som òg blir kalla tungehorn, er eit bukkehorn med ei flis av einer surra fast på blåseenden. Flisa gjer at hornet fungerer etter klarinettprinsippet i staden for trompetprinsippet. Ei flis høyrer til eitt bestemt horn. Ho blir laga og bøygd til nettopp den blåseenden, og ei vanleg klarinettflis kan aldri passe der.

Dei eldste daterte flishorna er eit horn frå Vågå frå 1693 og eit frå Solør frå 1714, altså frå lenge før den europeiske klarinetten vann innpass på flatbygdene nord for Oslo. Det er òg hevda at flishornet er det einaste blåseinstrumentet som er funne opp her i landet. Utanfor Noreg er tradisjonen berre kjend frå grensestroka i Sverige, og den einaste dokumenterte svenske flishornbygda er Rörbäcksnäs i Vest-Dalarna, der Holger Larsen dokumenterte han på 1970-talet.

Les meir om flishornet

Kuhorn

Kuhornet er laga av storfehorn og blir blåst med leppene, som trompethornet. Namnet lurer mange. Kuhornet er som regel mindre enn bukkehornet, for horna på norske og svenske kyr er korte, medan ein vaksen geitebukk kan bere horn på godt over halvmeteren. Tre fingerhòl er det klassiske oppsettet, og tverrsnittet er rundare, så blåseopninga blir rund der bukkehornet får ei oval.

I Sverige heiter instrumentet vallhorn, og der står det i same stillinga som bukkehornet gjer her. Stemmesystemet er eit anna: på eit vallhorn med tre hòl er resonanstonen andretrinnet i skalaen, ikkje grunntonen, og grunntonen hentar du fram ved å føre den ledige handa inn i klokka. På det moderne norske bukkehornet er det omvendt, med resonanstonen som grunntone og handa i klokka til ledetonen. Same teknikk, to system. Veit du kva for eitt hornet ditt følgjer, finn du skalaen med ein gong.

Les meir om kuhornet

Lur

Luren er eit langt treinstrument utan fingerhòl. Emnet blir kløyvd på langs, hola ut, lagt saman att og linna med bjørkenever eller tæger. Han blir blåst med leppene og spelar naturtonerekkja, og det er lengda som avgjer kor mykje av rekkja spelaren når. Norske lurar ligg oftast millom 90 og 150 centimeter, men Hølje Strand frå Ål laga dei «frå 1 meter og opp til 3 meter, ja enda lengere» (Sevåg 1973, s. 64).

Ordet er norrønt. Ludr tydde opphavleg ein uthola trestokk. Lina går attende til bronselurane som vart lagde ned i myrane for kring tre tusen år sidan, og på ristningsberget på Bardal ved Steinkjer er det rissa inn minst femti lurar, alle på båtfigurar frå bronsealderen. Ein praktisk ting er verdt å vite på førehand: ein lur som blir ståande unytta, tørkar og gisnar, og linninga losnar. Han vil helst brukast.

Les meir om luren

Meråkerklarinett

Meråkerklarinetten er den einaste norske folkeklarinetten som har overlevd i samanhengande bruk. Lokalt heitte instrumentet «fløyt», sjølv om det i oppbygging liknar meir på ein enkel klarinett enn på ei fløyte. Han har åtte fingerhòl og eitt tommelhòl, eit toneomfang på ein none, og eit røyrblad surra fast med kopartråd. Kroppen er av bjørk og nebbet av einer.

Aksdal daterer instrumentet til kring år 1800, kanskje litt før, og les det som ei samansmelting av trefløyta, luren og orkesterklarinetten (Aksdal 1992, s. 15). Harald Gilland tok opp att tilverkinga på 1950-talet og moderniserte instrumentet, dreidd av eitt stykke hard bjørk med plant røyrbladanlegg. Nils Underhaug i Meråker lærte handverket direkte av Gilland, og det var Underhaug som lærte det vidare til meg.

Tradisjonell toneart er A, og det er standarden hjå meg. G og B♭ lagar eg berre etter særskilt ønske, for den som har særskilde musikalske behov. Tonearten avgjer røyrlengda og dermed avstanden millom fingerhòla. På ein G-klarinett ligg hòla kring 12 prosent lenger frå kvarandre enn på ein A, so han høver berre for den som har store hender.

Les meir om meråkerklarinetten

Seljefløyte

Seljefløyta er ei overtonefløyte av seljebork, utan eit einaste fingerhòl. Alt spelet skjer med blåsestyrken og med peikefingeren mot endeopninga. Open og lukka ende gjev kvar si naturtonerekkje, om lag ein sekund frå kvarandre, og til saman blir det ein skala på åtte til ti brukbare tonar.

Ho kan berre lagast i den korte tida om våren når sevja stig og borken slepper veden. Når borken tørkar, gisnar fløyta og blir ubrukeleg. Det høyrer til instrumentet og er ikkje ein mangel ved det.

Eg har laga to verktøy for seljefløyte som er gratis å bruke. Overtonefløytekalkulatoren reknar ut lengd og tonar for eit røyr, og seljefløytearrangøren tilpassar ein melodi til naturtonerekkja og viser kva som lèt seg spele.

Kva du bør byrje med

Vil du ha tone med ein gong, vel eit flishorn eller ein meråkerklarinett. Flisa gjer jobben, og dei fleste får ut ein melodi den fyrste kvelden. Vil du heller ha eit instrument som aldri sviktar deg, vel eit trompethorn, eit kuhorn eller ein lur. Der sit tonen i leppene, det tek veker før ansatsen sit, men til gjengjeld finst det ingen slitedel å gløyme heime.

Storleiken tel meir enn folk trur. Eit kort horn blir lyst og tungt å få tone i, eit langt gjev mørkare klang og lettare ansats. Til kuhorn bør råemnet vere minst 15 centimeter. Er du usikker, er kuhornet ein god stad å starte: det er det rimelegaste naturhornet å skaffe råemne til, det ligg godt i handa, og den lyse klangen ber overraskande langt.

Kjelder og vidare lesing

2023 – Bjørn Aksdal – Bukkehornet: ein gjennomgang og analyse av trompethorn og tungehorn
2016 – Bjørn Aksdal – «I saw it on the telly»: The history and revival of the Meråker clarinet
2010 – Atle Lien Jenssen – Tungehornet i Norge: Historie, utbredelse, repertoar, bruk og praktisk instrumentmaking
1999 – Dagfinn Nupen – Eldre folkemusikkinstrument: læring på gamlemåten
1994 – Atle Lien Jenssen – Bukkehorntradisjon på Hedmarken
1992 – Bjørn Aksdal – Meråkerklarinetten (Ringve Museums skrifter nr. 5)
1977 – Holger Larsen – Bockhorn med påslående trätunga. En anmälan (Svensk tidskrift för musikforskning 1977:2)
1973 – Reidar Sevåg – Det gjallar og det læt

Vil du tinge eit instrument? Alle instrumenta blir laga for hand på bestilling, eitt om gongen. Prisar, toneartar og leveringstid står på instrumentsida.

Sjå instrumenta

Handlekorg
Skroll til toppen