Kuhorn

Kuhornet, vallhornet på svensk, er det minste av dei nordiske naturhorna og gjetarhornet frå fäbodkulturen.

Teikning av eit kuhorn med tre fingerhòl

Gjetarhornet frå fäbodane

Kuhornet er som regel det minste av dei nordiske naturhorna, men i Sverige er det det vanlegaste av dei. Der heiter det vallhorn, av «valla», å gjete, og det står i same stilling som bukkehornet hjå oss: sjølve lyden av sommarbeitet. I hundrevis av år lydde hornlåtane millom fäbodane, dei svenske sætrane, blesi av gjetarar som hadde hornet hengande i beltet saman med kniven og saltskreppa. Det var eit arbeidsreiskap på line med øksa og ljåen, og fyrst i andre rekke eit musikkinstrument.

Bengt Jonsson spelar ein gammal fäbodsalme frå Älvdalen på kuhorn.

Kva er eit kuhorn?

Eit kuhorn, eller kohorn, er eit trompetblåst naturhorn laga av hornet frå storfe. Tonen lagar du med leppene, som på ein trompet eller eit bukkehorn. Sidan kuhornet er rundare i tverrsnittet enn geitehornet, får det ei rund blåseopning der bukkehornet historisk sett får ei oval.

Namnet lurer mange. Kuhornet er som regel mindre enn bukkehornet. Horna på norske og svenske kyr er korte, medan ein vaksen geitebukk kan bere horn på godt over halvmeteren. Eit typisk kuhorn har difor lysare grunntone og knappare omfang enn dei store bukkehorna. Tre fingerhòl er det klassiske oppsettet, og tre eller fire er det vanlege på svenske vallhorn (Bäckström 1984). Heilt utan fingerhòl finst det òg, især i Nord-Sverige der skremminga var hovudoppgåva. Slike horn vart kalla tjuthorn eller tuthorn, reine signal- og skremmehorn (Larsen 1979).

Frå jernalderen til fäbodkulturen

Hornet av storfe har djupe røter i Skandinavia. Det er funne vallhorn frå yngre jernalder, og dei kring 2 500–3 000 år gamle bronselurane har etter alt å døme sjølve dyrehornet som førebilete (Bäckström 1984). Eitt av dei eldste daterte svenske horna vart funne i Sandbacksmyren ved Västerby i Hedemora i 1936, og pollenanalysen daterer det til 900-talet. Det har fire fingerhòl og ein dekorkant langs klokkeopninga, så alt i vikingtida vart det spela melodiar på kuhorn, ikkje berre blåse signal.

Vallhorn frå Västerby i Hedemora, datert til 900-talet, med fire fingerhòl og dekorkant langs klokkeopninga
Vallhornet frå Sandbacksmyren ved Västerby i Hedemora, datert til 900-talet. Dalarnas museum (DM 07279), utstilt på Folkmusikens hus i Rättvik. Foto: Dalarnas museum, DigitaltMuseum (CC BY).

Den norske og den svenske tradisjonen

Fordelinga av horntypar i Skandinavia er nesten spegelvend over Kjølen. Leif Løchen set det på spissen: av blåsehorna som er bevarte her i landet er så godt som alle laga av bukkehorn, og han kjende berre to norske tilfelle der kuhorn var brukt. I Sverige er det stikk motsett, med få bukkehorn og ei stor overvekt av kuhorn (Løchen 2000). Aksdal sitt nyare materiale nyanserer biletet litt for norsk del. Kuhorn finst helst på Hedmarken og i Nord-Trøndelag (Aksdal 2023). Frå Furnes på Hedmarken er det til og med bevart eit kuhorn med fløytemunnstykke, skore som ei spaltefløyte (Jenssen 1994). Og i bruken var kuhornet godt kjent òg her. Frå Sunnmøre fortel Nupen at kuhorn og bukkehorn varsla måltida frå tunet: middag, non og kvelds. Hornet var «våre dagars telefon» (Nupen 1999).

Flishornet går motsett veg. Hornet med påsett einerflis, som har sterk tradisjon i norske dalføre, var i Sverige berre kjent frå grensestroka: Jämtland, Värmland og bygda Rörbäcksnäs i Vest-Dalarna. Der dokumenterte Holger Larsen tradisjonen på 1970-talet, og Per Anton Moberg i Rörbäcksnäs var den siste svensken som heldt han i hevd (Larsen 1977; Bäckström 1984). Les meir om den horntypen i artikkelen om flishornet.

Rolands horn frå 1656

Det eldste daterte spelhornet vi har i Noreg er ikkje eit bukkehorn, men eit storfehorn. Norsk Folkemuseum fekk det for over hundre år sidan, med opplysning om at det kom frå Nord-Fron i Gudbrandsdalen. Hornet er berre 23 cm langt, har tre fingerhòl og er rikt dekorert med utskorne band. I ringar rundt hornet står det rissa inn: «ROLANDS HORN + ESUS + NAFN. ANNO 1656 MID ANE NIELSDATTER», altså datert 1656 og merkt med eit kvinnenamn (Sevåg 1973, s. 36). Sevåg les hornet som eit oksehorn, Løchen som kuhorn; eit storfehorn er det i alle høve. I dag er det deponert på Ringve musikkmuseum i Trondheim.

Rolands horn frå 1656 – eit rikt utskore oksehorn frå Nord-Fron med tre fingerhòl
Rolands horn (1656) frå Nord-Fron i Gudbrandsdalen, det eldste daterte spelhornet vi kjenner. Norsk Folkemuseum (NF.1898-0219), deponert på Ringve. Foto: Ringve Musikkmuseum, DigitaltMuseum (CC BY-SA).

Eit arbeidsreiskap som øksa og ljåen

For folket på fäboden var hornet noko ein måtte meistre for å gjere jobben sin, og småjentene byrja tidleg å lære seg å blåse, før dei sjølve skulle ut i gjetinga (Bäckström 1984). Hornet hadde tre hovudoppgåver. Den fyrste var lokkinga. Saman med lokkerop og kulning heldt hornet buskapen samla og leidde han langs faste stigar i skogen. Lokkelåtane kunne til og med skilje millom ku, sau og geit. Richard Dybeck, som midt på 1800-talet samla og gav ut vallåtar i trykk, skreiv at jamvel krøtera syntest å kjenne skilnad på låtane. Den andre var meldingane. Eigne signal fortalde at ei ku var sakna, at ei var attfunnen, eller rett og slett at alt stod bra til. Å høyre hornet til grannekulla gjennom skogen var å vite at ein ikkje var åleine. Den tredje var rovdyrskremminga. I folketrua skilde dyra millom instrumenta, slik ulven sjølv får seie det i eit vers frå Hälsingland:

Blisterpipor och fingerhorn
låta mig väl uti öra,
tjutlurar och tjuthorn
köra mig långt bort i myra.

Melodi-instrumenta lokka altså rovdyra til seg, medan lur og tjuthorn jaga dei. Og lenge etter at gjetinga tok slutt heldt hornet på éin årviss funksjon. Ved valborgsmesseKatolsk feiring 1. mai. I Sverige feira med bål kvelden før, valborgsmässoafton., når dyra skulle ut etter vinteren, gjorde ein opp eldar og bles i horn og lur for å skremme bjørn, ulv og vonde makter.

Vallkullone som bar tradisjonen

Fäbodarbeidet var kvinnearbeid. Det var gjetarjentene, vallkullone på svensk, som bar hornet, og difor vart det fyrst og fremst eit kvinneinstrument. Det er verdt å merke seg, for elles i folkemusikken er det menn som dominerer kjeldene. Og kvinnelina er gammal: ei svensk handskrift frå slutten av 1400-talet har eit eige ord for kvinneleg hornblåsar, «hornblasirska», ved sida av det vanlege «hornblåsare» (Larsen 1979).

Tillmans Sara (1846–1935) frå Nås i Dalarna sa om vallåten sin at «den bruk je späla då je tapp bort nå krittur». Då forstod grannane og kom til hjelp. Dagens fyrste låt på hornet hennar var gjerne ein salme, og når arbeidsdagen var slutt blåste ho ei vise. Ris Kersti (1858–1938) frå Rättviks-traktene lærte hornspelet av mor si under gjetinga, vann fyrstepremie i Mora i 1908 og blåste opninga på riksspelmansstemna i Stockholm i 1910, inne i lokala til Musikaliska akademien. Det var truleg fyrste gongen ein hornlåt klang der i huset. Og då Anders Zorn lyste ut spelemannstevlinga i Gesunda i 1906, den vi i dag hugsar som starten på dei svenske spelmansstemnene, var det hornblåsinga som stod i sentrum, ikkje fela (Bäckström 1984).

Det svenske stemmesystemet

Svenske hornmakarar stemmer horna sine i moll, og systemet skil seg frå det som har vorti standard på norske bukkehorn (Bäckström 1984). På eit kuhorn med tre fingerhòl er resonanstonen, tonen du får med alle hòla dekte, ikkje grunntonen i skalaen, men andretrinnet. Grunntonen ligg ein heiltone under, og han hentar du fram med stopp-teknikk: dekk alle fingerhòla med den eine handa og før den andre eit stykke inn i klokkeopninga, så sig tonen. Med handa endå lenger inn når du òg tonar under grunntonen. Eit horn med fire fingerhòl gjev derimot grunntonen direkte med alle hòla dekte. Skalaen blir i begge tilfelle den same, ein rein moll-pentakord: grunntone, heiltone, halvtone, heiltone, heiltone. Gode horn kan i tillegg overblåsast til oktaven av grunntonen, og halvtonane millom dei finn ein med gaffelgrep eller ved å dekkje hòl halvvegs.

På det moderne norske bukkehornet er det omvendt. Der er resonanstonen sjølve grunntonen (tonika), og den ledige handa i klokka lagar leietonen under. Same teknikk, to system. Veit du kva for eitt hornet ditt følgjer, finn du skalaen med ein gong.

Korleis kuhorn blir laga

Framgangsmåten er i hovudsak den same som for bukkehorn. Råemnet bør vere minst 15 cm langt. Kortare horn blir lyse og tunge å få tone i, lengre horn gjev mørkare klang og lettare ansats. Eg kokar hornet ein times tid, så kveiken, beinkjegla inni, losnar og kan bankast ut. Deretter kappar eg spissen. Eg kappar ikkje berre der tverrmålet høver til munnen, kring 2 cm for eit kuhorn, men 1–2 cm innom der det naturlege hòlrommet sluttar, og borar ein kanal på 6–8 mm frå spissen inn til hòlrommet, vinkla etter bøyen på hornet.

Munnstykket på dei gamle horna er nesten alltid vidt og beint bora, utan kopp eller trakt slik moderne messinginstrument har, og det fungerer minst like godt (Bäckström 1984). Fingerhòla borar eg små og vidar ut under stemminga, for det er storleiken på hòlet meir enn plasseringa som avgjer tonehøgda. Til slutt kjem pussen og gjerne ei rissa dekorering. På dei gamle horna finn ein initialar som BED for Britta Eriksdotter, fint skorne med kniv.

To handlaga kuhorn frå same ku, kvart med tre fingerhòl, på kvit duk
Eit par kuhorn frå same ku (august 2026).

Kvar hornet ber best

Hornlåten er laga for å bere langt, og dei gamle hornblåsarane visste kvar lyden gjekk. Ikkje frå fjelltoppen, som ein gjerne ser føre seg; derifrå ber hornet dårleg, og klingar gjer det heller ikkje. Heller eit stykke ned i lia eller i dalbotnen, der åsane ikring kastar lyden attende. Furumoen gjev ein fin, open romklang utan ekko, stille vatn ber lyden langt, og fuktig vêr hjelper òg (Bäckström 1984). «Hä skä låt långli», sa spelemannen Köpman Erik i Gagnef om hornlåtane; det skal låte lenge. Difor er vallåtane bygde av lange, samanhengande liner der tonane får klinge ut, meir som eit rop enn som ein marsj. Hornet er ei forlenging av røysta.

Kuhornet i dag

Den svenske tradisjonen var nær ved å døy ut på 1900-talet, men vart berga av nokre få eldsjeler. Carl Gustaf Färje (1917–1976) spora opp låtar og tradisjonsberarar og gav ut samlinga Fäbodlåtar från Dalarna med over 200 vallåtar, og i 1973 tok han initiativet til den fyrste hornblåsartreffen i Mora, ein årviss tradisjon sidan (Bäckström 1984). I dag lever vallhornet på spelmansstemner og fäboddagar, i konsertsamanhengar og hjå stadig fleire som rett og slett vil ha med seg hornet på tur.

Her i landet har kuhornet alltid stått i skuggen av bukkehornet, men det fortener plassen sin. Det er det rimelegaste av naturhorna å skaffe råemne til, det ligg godt i handa, og den lyse, opne klangen ber overraskande langt. For den som vil byrje med naturhorn er det ein fin stad å starte.

Sjå òg dei nære slektningane: bukkehorn, flishorn og lur.

Ofte stilte spørsmål om kuhorn

Kva er eit kuhorn?

Eit kuhorn er eit trompetblåst naturhorn laga av storfehorn, der tonen blir laga med leppene slik som på trompet. På svensk heiter det vallhorn, og det er det vanlegaste gjetarhornet i svensk tradisjon. Dei fleste kuhorn har tre eller fire fingerhòl.

Kva er skilnaden på kuhorn og bukkehorn?

Materialet og storleiken. Kuhornet er laga av storfehorn og er som regel mindre enn bukkehornet, med rund blåseopning og lysare grunntone. Bukkehornet er laga av geitehorn, er flatare i tverrsnittet og gjev ei oval blåseopning. Speleteknikken er den same.

Er kuhornet større enn bukkehornet?

Nei, oftast er det motsett, trass i namnet. Norske og svenske kyr har korte horn, medan ein vaksen geitebukk kan ha horn på over ein halvmeter. Difor har kuhornet gjerne lysare tone og litt knappare omfang.

Kvifor heiter det vallhorn?

Vallhorn er det svenske namnet, av verbet «valla», å gjete buskap. Strengt teke er det eit samlenamn for alle gjetarhorn, av bukk som av storfe, men dei aller fleste svenske vallhorna er av storfehorn. Gjetarjentene som bar hornet vart kalla vallkullor. På norsk har lokkehorn vori brukt om det same.

Korleis er eit kuhorn stemt?

Etter svensk tradisjon i moll. På eit horn med tre fingerhòl er resonanstonen andretrinnet i skalaen, og grunntonen ein heiltone under hentar du fram ved å føre den ledige handa inn i klokkeopninga, såkalla stopp-teknikk. Eit horn med fire fingerhòl gjev grunntonen direkte.

Korleis læt eit kuhorn?

Varmt, ope og trompetaktig, med rike overtonar, mjukare enn det kvasse flishornet. Under gode tilhøve ber lyden fleire kilometer, og kvart horn har sin eigen grunntone og karakter, sidan ikkje to horn er like.

Handlaga kuhorn frå verkstaden til Blåsemaker

Kjøpe kuhorn?

Eg lagar kuhorn på bestilling i verkstaden, trompetblåst, av svensk type, og ikkje to horn blir like.

Kjelder:
1846 - Richard Dybeck - Svenska vallvisor och hornlåtar (sitert etter Bäckström)
1973 - Reidar Sevåg - Det gjallar og det læt: frå skremme- og lokkereiskapar til folkelege blåseinstrument (Det Norske Samlaget)
1977 - Holger Larsen - «Bockhorn med påslående trätunga. En anmälan», Svensk tidskrift för musikforskning 1977:2, s. 71–78
1979 - Holger Larsen - «Vallhornet i Sverige», Svensk tidskrift för musikforskning 1979:2
1984 - Magnus Bäckström - Hornet – skogens instrument (Dalarnas museums serie av småskrifter 41, Falun)
1994 - Atle Lien Jenssen - Bukkehorntradisjon på Hedmarken
1999 - Dagfinn Nupen - Eldre folkemusikkinstrument: læring på gamlemåten (Ørsta)
2000 - Leif Løchen - Fra skorofele til salmodikon: artikler og innlegg i aviser (Nord-Gudbrandsdal folkemusikkarkiv), s. 76–77
2023 - Bjørn Aksdal - «Bukkehornet – en gjennomgang og analyse av trompethorn og tungehorn», Musikk og Tradisjon nr. 37
Handlekurv
Skroll til toppen