Kuhornet (òg kalla kohorn eller svensk vallhorn) er eit av dei eldste nordiske blåseinstrumenta.
Det er laga av naturleg storfehorn og har ein varm, bærande klang med rike overtonar. Kvar hornkropp er unik i form, farge og lyd – eit levande naturmateriale som gjer kvart instrument spesielt.
Eigenskapar ved kuhornet
Trompetblåst kuhorn av svensk type (vallhorn), typisk med 3–5 fingerhòl og grunntone millom G og C.
Fargane kan variere frå svart til lys gulaktig – og alt imillom.
Større horn opplevast som regel lettare å spele på, med stabil respons og god projeksjon.
Om du har særskilde preferansar, til dømes ønskt grunntone, plassering for fingerhòl (venstre/høgre) eller estetiske val, så kan du legge dette inn som kommentar ved bestillinga. Eg kan ikkje garantere at eg oppfyller alle ønsker, men eg gjer mitt beste for å oppfylle dei.
Frå vallhorn til folkemusikkinstrument
Kuhornet er eit av dei eldste nordiske blåseinstrumenta, med funn i Sverige daterte så tidleg som til 500-talet.
I svensk fäbodkultur var det eit viktig signal- og lokkeinstrument, ofte nytta av budeier på sommarbeite.
Kvinner var difor ofte dei fremste utøvarane, gjennom dagleg bruk i arbeid med buskapen.
Handverket
Kvart kuhorn blir laga for hand i verkstaden, med respekt for materialet og tradisjonen.
Eg kombinerer gjennomprøvde metodar med eigne erfaringar for å levere eit spelbart instrument som òg er eit stykke kulturarv.
Overflate og munnstykkekant blir tilpassa hornkroppen for best mogleg klang, komfort og haldbarheit.
Vedlikehald
Tørk av etter bruk og oppbevar tørt. Unngå store temperatursvingingar.
Bag/etui er anbefalt for trygg transport.







Pınar Sakızlı –
I live in Turkey, and my friend was traveling to Norway for a vacation. After doing some research, I found this website and reached out. The seller answered all my questions sincerely and delivered my order to my friend without any issues. It made me very happy to come across such a kind and trustworthy seller from another part of the world. I want to thank him once again for his great work. Additionally, the instrument he crafted is truly priceless.