Bukkehorn i A♭, venstre

Blåsebanken

Bukkehorn i A♭, venstre

UtlåntKan lånast frå 22. januar 2027.BUK-AB-V-001
Under 26 årGratis
26 år og eldre150 kr veka inkl. mva.

Frakt 140 kr om du vil ha instrumentet i posten. Henting på verkstaden i Oslo er gratis.

1Vel datoar
2Fyll ut skjema
3Stadfesting
Tilgjengeleg Oppteke Vald

Vel periode på minst 2 veker og høgst 3 månader.

Vil du heller ha beskjed når instrumentet er attende? Legg att e-posten din, so gjev eg deg melding.

Om instrumentet

Hornet er stemt i A♭ og har fem fingerhòl, fire på oversida og eitt tommelhòl under. Skalaen er moll, og du får sju til åtte tonar, alt etter kor mykje du overblæs.

Bukkehornet blir spela som ei lur eller ein trompet: du legg leppene mot munnstykket og får dei til å vibrere. Med fingerhòla kan du spele enkle slåttar og melodiar.

Kvart horn er laga av eit geitehorn, so form, farge og tone er ulike frå horn til horn. Om hornet buer til høgre eller venstre, kjem av korleis det voks på geita. Dette hornet buer til venstre. Kva for ei hand som ligg best, er ulikt frå spelar til spelar, og Blåsebanken har eitt av kvart.

Betalte oppdrag

Skal du bruke instrument på eit arrangement eller i eit betalt oppdrag, gjeld ikkje Blåsebanken-prisane. Send meg ein e-post, so set eg opp ein avtale.

karstein@blasemaker.no

Blåsebanken er støtta av

Handlekorg
Skroll til toppen