Vilkår for utlån – Blåsebanken
Desse vilkåra gjeld for alle som låner instrument gjennom Blåsebanken, ei utlånsordning drive av Blåsemaker Grønnesby.
1. Ansvar for instrumentet
Låntakar er fullt ansvarleg for instrumentet frå det er motteke til det er levert tilbake i same stand. Instrumentet skal handterast med varsemd og oppbevarast i tilfølgande emballasje/veske.
2. Skade og øydelegging
Du betaler for instrumentet om det vert øydelagt – anten full erstatningsverdi (jf. gjeldande instrumentprisar) eller dokumenterte reparasjonskostnader inkl. arbeidstid, etter kva som er aktuelt. Blåsemaker Grønnesby avgjer kva alternativ som nyttast. Normal slitasje som oppstår ved forsiktig bruk vert ikkje rekna som skade.
3. Tilbakelevering
Instrumentet skal leverast tilbake seinast på avtalt sluttdato. Forseinka innlevering vert fakturert med kr 600 pr. påbyrja veke. Ved henting/levering via Posten er låntakar ansvarleg for forsvarleg emballering. Ved postretur sender du instrumentet i same emballasje og dekkjer returportoen sjølv.
4. Avbestilling
Avbestilling meir enn 7 dagar før startdato er gratis. Avbestilling med kortare varsel enn 7 dagar: kr 600 i kanselleringsgebyr (gjeld berre brukarar over 26 år).
5. Geografisk avgrensing
Blåsebanken er berre tilgjengeleg for personar busett i Noreg. Utlån til adresser i utlandet er ikkje mogleg.
6. Betaling
Brukarar over 26 år betaler leigeavgift på kr 150/veke inkl. mva for heile perioden ved bestilling via Vipps MobilePay. Eventuell frakt (kr 140 inkl. mva) vert betalt på førehand ved bestilling. Brukarar under 26 år låner gratis.
7. Kontakt
Ved spørsmål om vilkåra: post@blasemaker.no
