Forrige veke fekk eg vere med å leie eit todagers seminar for instrumentmakarar – i lag med svenske Gunnar Stenmark og finske Minna Hokka. Vi samla deltakarar frå fleire miljø, millom anna studentar frå Rauland, for å fordjupe oss i tradisjonar, material og praktisk handverk.
I løpet av seminaret delte eg framgangsmåtar for bukkehornbygging, frå val av horn til boring, forming av munnstykke og plassering av fingerhòl. For at flest mogleg skulle få kjenne prosessen i hendene, jobba deltakarane med trehorn (tre-replikaer av bukkehorn) der dei kunne øve på dei ulike stega i tilverkinga utan å bruke ekte horn. Det gav eit effektivt læringsrom der vi kunne teste, feile og få til, utan svinn av ekte bukkehorn.
Samstundes fekk eg sjølv påfyll: Gunnar Stenmark introduserte oss for svenske folkefløyter, med hovudvekt på härjedalspipa, og Minna Hokka viste fram byggeteknikkar og speletradisjonar frå finske gjeterinstrument. Det var inspirerande å sjå korleis ulike tradisjonar møtest, og kor mykje vi har å lære av kvarandre.
Stor takk til Sylvelin Hege Sevilhaug og Norsk Lur- og Bukkehornlag for initiativet ![]()
Gler meg til fleire slike verkstadar framover!
Neste stopp: Polen og Konkurs Gry na Instrumentach Pasterskich im. Kazimierza Uszyńskiego 29. november
