Helga som var (28.-30. november) hadde eg gleda av å vere invitert som føredragshaldar og konkurransedeltakar ved «Den 44. konkurransen i spel på gjetarinstrument», i Ciechanowiec i Polen, saman med ein liten og meget kompetent norsk delegasjon: Sylvelin Sevilhaug, Arne Petter Ødelund, Cecilie Røed, Rune Nyby, Erik Veflingstad og meg. Festivalen blir arrangert av landbruksmuseet i Ciechanowiec og er ein viktig møteplass for utøvarar og instrumentmakarar som arbeider med tradisjonelle gjetarinstrument frå Polen og nabolanda.
Festivalen (Konkurs Gry na Instrumentach Pasterskich im. Kazimierza Uszyńskiego) er ein årleg internasjonal konkurranse og festival i Ciechanowiec i Podlasie-regionen i Polen, arrangert av Landbruksmuseet oppkalla etter presten Krzysztof Kluk. Konkurransen oppstod på 1970-talet for å redde frå gløymsla tradisjonen med å spele på ligawka; eit langt trehorn og slektning av den norske luren. I Podlasie har ligawka med tida vorti tett knytt til advent, fordi den varslar starten på advent. Etter kvart har konkurransen omfatta fleire typar gjetar- og pastorale instrument (ligawki, bazuny, trombity og liknande), og tiltrekk seg i dag 150-200 utøvarar frå ulike delar av Polen og nabolanda.
Foredrag om norske sæterinstrument
Fredag 28. november var sett av til ein dag med føredrag og verkstadar saman med instrumentmakarar frå Finland, Noreg, Sveits og Polen. Der heldt eg eit føredrag om dei mange norske gjetar- og sæterinstrumenta – om korleis dei er bygde, tradisjonar rundt bruken og korleis dei har fått nytt liv i dag.
Same kveld heldt Minna Hokka ein spennande presentasjon om dei finske gjetarinstrumenta, og Mike Maurer frå Sveits fortalde om historia og utviklinga av alpehornet. Det var både lærerikt og inspirerande å sjå kor mykje likskap det er millom dei ulike tradisjonane, og kor ulike løysingar vi har funni på dei same utfordringane.

Konsert med norske instrument
Laurdag 29. november var det klart for både konsert og konkurranse. Den norske delegasjonen, som representerte Norsk lur- og bukkehornlag, presenterte eit variert og breitt program med slåttar, bansullar, song og dans. Her fekk publikum høyre både lurar og bukkehorn i solo og samspel, i tillegg til munnharpe, hornfløyte, meråkerklarinett, flishorn, seljefløyte og runebomme.

Konkurransespel på flishorn og meråkerklarinett
Laurdagen fortsette med konkurranse i ulike instrumentkategoriar. Eg deltok i to kategoriar:
- Gjetarhorn («ROGI PASTERSKIE») – kor eg spelte på flishorn
- Andre gjetarinstrument (INNE INSTRUMENTY PASTERSKIE) – kor eg stilte med meråkerklarinett
I begge klassane enda eg opp med ei heiderleg utmerking (“Wyróżnienia w wysokości”). Det var kjekt å delta; ikkje minst for å oppleve den store variasjonen i både instrument og repertoar blant deltakarane, frå dei lange polske ligawka-horna til andre lokale variantar av gjeter- og naturhorn.
Ekstra stas var det at Arne Petter Ødelund, som også var med i den norske delegasjonen, stakk av med ein velfortent siger i kategorien for gjetarhorn med sitt vakre spel på bukkehorn! Cecilie Røed tok ein sterk andreplass i same kategori.
Takk til Muzeum Rolnictwa w Ciechanowcu, og særleg vår altmoglegmann og kontaktperson Stanislav Remishevsky, for gjestfriheita og engasjementet deira for gjetarinstrument og -kultur!

