Meråkerklarinetten er ein type folkeklarinett som særleg vart brukt i Meråker i Trøndelag, og er nok den einaste klarinetten som har overlevd fram til vår tid. Lokalt vart instrumentet opphavleg kalla «fløyt», sjølv om det i oppbygging liknar meir på ein enkel klarinett enn ei fløyte. Instrumentet høyrer til ein liten og oppstykka familie av gjetarklarinettar som har vori i bruk i Noreg: vollaklarinetten frå Oppdal og østerdalsklarinetten som dukka opp på Glomdalsmuseet i Elverum.
Den tradisjonelle meråkerklarinetten vart laga ved at ein tok to uthola halvdelar av tre som vart festa saman og lagt i vatn til dei trutna. Denne framgangsmåten minner mykje om tilverkinga av trelur, noko som peikar på eit slektskap mellom desse instrumenta. Deretter vart enden sneia av, ein liten tapp sett på, og ei treflis av einer surra fast ved blåseenden – som på eit flishorn. Til slutt vart det skori eller bora ut åtte fingerhol og eitt tommelhol på undersida. Konstruksjonen syner klar likskap med andre folkelege klarinettliknande instrument i Norden, som den finske «mänkeri».
Meråkerklarinetten var først og fremst eit gjeterinstrument som vart laga og spelt på av gjetarar og ungdommar i Stordalen. I dei første tiåra av 1900-talet gjekk instrumentet meir og meir ut av bruk, noko som hang saman med at det tradisjonelle sæterbruket var sterkt på retur. Som med mange andre tradisjonelle bruksinstrument, var det fare for at kunnskapen om tilverking og spel på meråkerklarinetten skulle forsvinne heilt.
Midt på 1950-talet fekk arbeidarar på smelteverket i Kopperå idéen om at dei skulle ta opp att tradisjonen med å tilverke slike gjetarklarinettar. Harald Gilland (1912-1992), som i ungdommen hadde lært å lage slike klarinettar av far sin, og som samtidig var ein dyktig felespelmann, tok fatt på arbeidet. Dette vart starten på ein ny æra for meråkerklarinetten.

Gilland endra gradvis på tilverkingsmåten på klarinetten og tilpassa instrumentet til ei meir moderne tid. Den moderniserte meråkerklarinetten vart dreia av berre eitt trestykke, som helst skulle vere av hard bjørk. Deretter fekk instrumentet eit plant rørbladanlegg, vart lakkert med plastlakk og utstyrt med eit b-klarinettrør, som han på førehand hadde tynna ut. Røret vart festa til blåseenden ved hjelp av ein kopartråd eller slangeklemmer.
Gilland laga klarinettane sine hovudsakleg i to ulike lengder med høvesvis A og B som grunntone, men laga også nokre få klarinettar stemt i G. Talet på fingerhol var framleis åtte hol på oversida og eitt tommelhol på undersida. Med denne moderniserte utgåva av meråkerklarinetten kunne instrumentet lettare spelast saman med andre instrument og vart meir allsidig i bruk.
Tidleg i 1970-åra danna Gilland ein trio saman med felespelemannen Svend Gravåsen og gitaristen Olaf Tideman. Samstundes overførte han mange av dei gamle feleslåttane sine frå grenda Stordalen til klarinetten, millom anna fleire springarslåttar.
Etter at Harald Gilland døydde i 1992, vart bygginga av meråkerklarinettar i bygda vidareført av Nils Underhaug, som lærte kunsten direkte av Gilland. I tillegg utvikla instrumentmakaren Magnar Storbækken (1956-2022) frå Tolga i Nord-Østerdal sin eigen variant av meråkerklarinetten.
Østerdalsklarientten
På Glomdalsmuseet på Elverum finst det eit nært beslekta instrument av meråkerklarinetten som gjerne blir omtala som østerdalsklarinett. Museet manglar bakgrunnsopplysningar om instrumentet, ut over at det er registrert som «fløyte» truleg i 1911 og at det sannsynlegvis kjem frå Østerdalen. Dette instrumentet er ca. 50 cm langt og består av to halvkløyvingar som er uthola og surra saman att med bjørkenever. I den eine enden er det forma eit munnstykke, og i den andre enden er det eit skråskori munnstykke med spor etter surring med tråd, truleg med det føremål å feste ei flis. På oversida er instrumentet forsynt med 7 omtrent like store fingerhol, plassert med omtrent lik innbyrdes avstand.
I dei seinare åra har meråkerklarinetten funni sin plass som eit verdfullt innslag i den norske folkemusikktradisjonen. Instrumentet representerer ei unik samansmelting av ulike instrumenttradisjonar: det har trekk frå både treluren, flishornet og andre gjetarklarinettar. Samstundes har moderniseringa av instrumentet gjort det mogleg å inkludere det i eit vidare spekter av musikalske samanhengar.
Les meir:
2023 - Bjørn Aksdal – Klarinettinstrumenter i norske folkemusikk
1993 - Atle Lien Jenssen - Østerdalsklarinetten - et glemt tradisjonsinstrument?
1992 - Bjørn Aksdal – Meråkerklarinetten
Kjøpe meråkerklarinett?
Er du på leit etter ein meråkerklarinett eller har spørsmål kring instrumentet?
Send meg ein e-post via kontaktskjemaet: