Kjøpsvilkår, retur og angrerett
Takk for at du handlar hos Blåsemaker Grønnesby!
Her finn du informasjon om kjøpsvilkår, levering, retur og angrerett.
Infokort – kjøpsbetingelsar i korte trekk
- 14 dagar angrerett på standardvarer
- Ikkje angrerett på spesialbestillingar (instrument laga etter dine ønskje)
- Retur: Kunden betaler returfrakt, og vara må vere i same stand som motteke
- Reklamasjon: 2 år etter forbrukarkjøpslova
- Vedlikehald: Hald instrumentet tørt, unngå temperatursvingingar, og olje ved behov
Pris og betaling
Alle prisar er oppgjevne i NOK og inkluderer mva. for kjøp i Noreg.
Betaling skjer via dei løysingane som er tilgjengelege i nettbutikken.
Levering
Instrument blir sende med sporing. Varer på lager blir normalt sende innan 3–5 arbeidsdagar.
For spesialbestillingar kan produksjonstida variere; estimert levering blir avtalt ved bestilling.
Angrerett
Standardvarer
For varer som ikkje er spesialtilpassa, har du 14 dagar angrerett frå den dagen du mottok vara.
Unntak – spesialbestillingar
Mange av instrumenta mine blir laga på bestilling, tilpassa etter kunden sine ønskje.
For slike varer gjeld ikkje angreretten, i tråd med angrerettlova §22 e.
Dette gjeld instrument (t.d. bukkehorn, lurer og andre instrument) som er laga spesielt for deg.
Retur
- Du må gi skriftleg beskjed innan 14 dagar
- Produktet skal returnerast i same stand som du mottok det
- Kunden dekkjer returkostnaden
- Refusjon blir gjort innan 14 dagar etter mottatt og kontrollert vare
Retur av standardinstrument
Instrument kan prøvast heime, men må returnerast utan skadar eller unormal slitasje.
Retur av spesialtilpassa instrument
Spesialbestillingar kan ikkje returnerast, med mindre det ligg føre ein produksjonsfeil.
Reklamasjon
Har instrumentet ein produksjonsfeil, gjeld forbrukarkjøpslova sine reglar.
Reklamasjonsfristen er 2 år. Ta kontakt dersom noko ikkje er som det skal.
Vedlikehald
- Hald instrumentet tørt når det ikkje er i bruk
- Unngå store temperatursvingingar
- For å friskne opp fargen på horn kan du olje det lett med nøytral matolje eller linolje (Dette er berre estetikk og påverkar ikkje funksjonen)
Kontakt
Har du spørsmål? Ta kontakt!