Laurdag 14. november kokar eg horn på Sørli besøksgard i Oslo att. Eg tek med horn frå bukkar rundt om i landet, og gryta står over open eld ute på garden. Eg har òg med ulike ferdige instrument som du kan prøve. Kom og sjå, hjelp til og spør om alt du lurer på.
Kvifor hornet må kokast
Det fyrste steget frå geitehorn til bukkehorn er det minst glamorøse. Inne i hornet sit ein kjerne av bein, kalla kvik eller kveik, som er vaksi fast i sjølve hornet. Han må ut før hornet kan bli eit instrument. Horna kokar i ein til to timar, til bindevevet millom bein og horn slepp taket. Så slår eg kjernen laus og dreg han ut, og att står eit holt horn.
Slik var det i fjor
I fjor kom mange innom. Det var barnefamiliar, nyfikne frå folkemusikkmiljøet og erfarne lur- og bukkehornblåsarar som hadde med seg instrumentet sitt og spelte for alle som var der. Kanskje blir det spelt litt bukkehorn i år òg.
Praktisk
- Stad: Sørli besøksgard, Nøklevannsveien 1, 0689 Oslo.
- Tid: laurdag 14. november 2026, frå kl. 10 til om lag 15. Oppdateringar står i arrangementet på Facebook.
- Vegen dit: Frå Haraløkka utfartsparkering er det berre 300 meter å gå nordaustover til garden. Frå Bøler T-banestasjon (linje 3) er det om lag 1,3 km.
- Mat: Sørli besøksgard serverer gratis lammekjøtt frå eige dyrehald så lenge lageret rekker!

