Samling
NLB 20 år (2017)
«NLB 20 år 1996–2016» er jubileumsboka til Norsk Lur- og Bukkehornlag. Ho samlar medlemsbladet Hjuringen frå 1996 til 2013 og har 86 noterte låtar.
Her ligg låtane eg har transkribert frå boka, med løyve frå laget. Dei fleste er tradisjonelle låtar for lur og horn, nedteikna frå 1780 og fram til i dag. Nokre er arrangement av medlemmer i laget. Kvar note viser kva side i boka ho står på.

Akk, mon min vei
Religiøs folketone frå Åseral.

Bånsull frå Sunndalen
Bånsull frå Sunndalen, «Sull, lull, pussukrull».

Bånsull frå Tingvoll
Bånsull frå Tingvoll på Nordmøre, frå «Folketoner fra Nordmøre».

Bufärdslåt etter Jones Mats Persson
Svensk vall-låt til buferda, etter Jones Mats Persson frå Leksand.

Bukkehornlåt etter Ole Roland
Bukkehornlåt på fire tonar frå Snertingdal, etter Ole Roland 1926.

Bukkehornmelodi etter Erik Torbjørn Stensrud
Tungehornmelodi frå Espa som Stensrud hadde etter bestefaren.

Bukkehornmelodi frå Furnes
Melodi for horn med flis etter Jens Pålsen Jenstad frå Furnes.

Den Prillar-Guri spilte den 26. august 1612
Låta Prillar-Guri skal ha spela då skottane kom til Kringen i 1612.

Det vanta meg mjøl
Jenta på stølen bles bod heim på prillarhornet: det vanta mjøl, salt og alt.

E ska nå sulle, e ska nå ro
Bånsull frå Lom der seljefløyta har forma tonane.

Et Barn er født i Betlehem
Julesalmen i ein folketone frå Vang i Valdres, nedteikna av L. M. Lindeman.

Getlåt etter Tjäder Britta Andersson
Svensk getlåt frå Malung, i fri rytme.

Hallidn, Vallidn
Prillarhornlått frå Hallingdal som Sander Røo i Hol skal ha laga.

Halling etter Ottar Nysveen
Halling frå Rendalen etter Ottar Nysveen, med forslag og høg kvart.

Halling hørt julaften 1695
Hallingen bymusikarane i Bergen høyrde inne i fjellet julenatta 1695.

Hallingljom
Lurlokk frå Ål, som Arne Bjørndal skreiv ned etter Helge O. Strand i 1932.

Hornlåt etter Gädd Lars
Hornlåt etter kyrkjetenaren og hornblåsaren Gädd Lars frå Mockfjärd i Dalarna.

Høstbrune seter
Haustvise av Jørgen Moe, sett til ei lurlåt.
VariantarGrunnform med tekst · Utvida lurform

Ingen vinner frem til den evige ro
Religiøs folketone frå Hallingdal.

Jeg ser dig, o Guds Lam
Norsk folketone til salmen «Jeg ser dig, o Guds Lam».

Jenta gjekk seg uppå ei hø
Folketone frå Ottadalen.

Jenta mi
Stutar-Kari sitt svar på prillarhornet til dottera på stølen.

Koma guta liggje
Lurlokk frå Nes i Hallingdal, spela både i TV 3 og for kronprinsen.

Ku-hull hørt på Høvringen
Kulokk høyrt på Høvringen, nedteikna av O. M. Sandvik.

Kuselyftes
Lurlått med rim etter Helge O. Strand på Ål, nedteikna av Arne Bjørndal i 1932.

Lulletti-melodi etter Jaakko Lonkainen
Karelsk gjetarmelodi for lulletti, det finske trehornet med fingerhòl.

Lulletti-melodi etter Liisa Pessi
Melodi for den finske lulletti etter Liisa Pessi frå Kaukola, 1915.

Lurlåt frå Østerdalen
Lurlåt med ekko, etter Egil Storbekken på Tolga.

Lurlåt frå Vestfold
Kort lurlåt frå Vestfold på fire naturtonar.

Lurlått frå 1780
Den eldste kjende nedteikninga av ein norsk lurlått, trykt i 1780.

Lurlått frå Valdres
Lindeman sin «Lua-Laatt» frå Valdres, tilpassa naturtonane på luren.

Lurlått frå Vik i Sogn
Lurlått i det høge registeret, spela av Aslaug Røyrvik på ein lur på 196 cm.

Mainn gjekk åt kvein
Gammal visetone frå Dovre, nedteikna av Tor Wigenstad.

Markje grønast
Sætervisa som Edvard Storm skreiv tekst til, sett for horn.

No tuta' dei
Lurlåt frå Hornindal om sauegjetaren Renda-Hans, med svar millom gardane.
VariantarBrendefur · Seljeset

O stut’n o lur’n
Låt frå Valdres om «stuten» og luren, etter Anna Fuglesteg.

Pols etter Ottar Nysveen
Pols frå Rendalen etter Ottar Nysveen.

Pols frå Todalen
Pols frå Todalen som Jørn Simenstad vann bukkehornklassen med i 2006.

Polsdans etter far
Pols frå Våler i Solør, som Halberget hadde etter far sin.

Religiøs folketone frå Lom
Religiøs folketone frå Lom med ein vaklande b, nedteikna av O. M. Sandvik.

Rolandskvadet
Balladen om Roland, der hornet hans heiter «luren Olivant».

Sangen hennes Pillarguri
Ein annan Pillarguri-tone, etter Ingeborg Bjerregård, frå «Folketoner fra Land».

Sov og drøm du engel blid
Bånsull frå Sollia med ein dyster tekst, etter Ole Eggen.

Susannes bukkehornmelodi
Melodien budeia Susanne bles på eit bukkehorn med tre tonar for Grieg i 1886.

Tillil Tove
Tiril Tove-låta i hallingdalsform: gjeslejenta bles bod om røvarane på hornet.

Troll-jagern
Skremmelåta som fekk binna til å gå sin veg, i Eilif Gundersen si lurform.

Tut i lur
Den einaste låta Sandvik skreiv ned som lurmelodi på Finnskogen.

Vall-låt etter Ris Kerstin
Vall-låt i 3/4 etter Ris Kerstin Persdotter frå Rättvik.

Vallvisa etter Ris Kerstin
Vallvise etter hornblåsaren Ris Kerstin Persdotter frå Rättvik i Dalarna.
