← Attende til Notearkivet
Troll-jagern
Notata etter læraren Erling T. Bekkestad (1850–1945) på Ål fortel om Asle-Ola, som møtte ei binne med to ungar på åsen. Han tok til å blåse i prillarhornet, og då han spela «Trolljagaren», vart ho redd og gjekk. Eilif Gundersen har spela låta som lurlått i mange år, etter Helge O. Strand og Ola Perstølen. Han har spurt om det òg fanst ein prillarhornlått med same namn. Notane er henta frå jubileumsboka til Norsk Lur- og Bukkehornlag (2017).
PC-snarvegar: Space play/pause – Esc stopp – ↑↓ transponer
Snu telefonen
