Sautrall frå Østerdalen
Denne sautrallen vart framført på lur- og lokkestevne på Påls-Ola-Vollen på Tolga i 1949. Den unge gjetarguten Jon Gjelten, berre 10 år gamal, «… ruslet oppe i marka med en gjeterstaur i hånden og en neverkont på ryggen og sang en sautrall så det var en fryd.» – som det stod i lokalavisa Fjell-Ljom, onsdag 24. august 1949.
Teksten fangar naturen, dyrelivet og kvardagen på sætra, i ei blanding av leik, praktisk kvardagsliv og lokking.
Sangtekst
Tikke tikke disjka, ja kom no disjka’.
Kvomt æ i dalom, svalt æ på fjell,
leiv ligg i skreppa, salt æ i pøngla,
solbråe setra no låner vi eld.
Tikke tikke disjka, ja kom no disjka’.
tov står i fjel-lom so vel i stand.
Lenge ska vi dryge der høgt «punder hognom»,
der stig han, røyken, frå einbrok og kvann.
Tikke tikke disjka, ja kom no disjka’.
Stinn står’n fisken og rypa har reir,
raud lyser karten, ein dag vert han mogen,
kva kan da ein juring vel ønske seg meir?