← Attende til Notearkivet
Lurtone frå Selbu 2
Marit Julseth, fødd Sandvik (1895–1974), var budeie frå Selbustrand og spelte lur. Luren hadde ho arva etter mor si. Arnt Fuglem skriv i «Alvor og skjemt i tekst og toner gjennom folkemusikken i Selbu 1870–1945» (1996, s. 147) at ho gjerne stilte opp til opptak, og i 1969 og 1970 vart ho teken opp fleire gonger, mellom anna med lurblåsing. Denne lurtona er ei fri tone med fermatar, og takta skiftar millom 4/4, 3/4 og 2/4. Melodien held seg nesten berre til naturtonane c, e og g, som på luren ligg rett ved sida av kvarandre.
PC-snarvegar: Space play/pause – Esc stopp – ↑↓ transponer
Snu telefonen
