← Attende til Notearkivet
Lurtone frå Selbu 1
Marit Julseth, fødd Sandvik (1895–1974), var budeie frå Selbustrand og spelte lur. Luren hadde ho arva etter mor si. Arnt Fuglem skriv i «Alvor og skjemt i tekst og toner gjennom folkemusikken i Selbu 1870–1945» (1996, s. 147) at ho gjerne stilte opp til opptak, og i 1969 og 1970 vart ho teken opp fleire gonger, mellom anna med lurblåsing. Denne lurtona går i moll og brukar både a og a♭, b og h, der dei låge formene ligg nedst og dei høge øvst. Om tonane klinga slik på luren hennar, kan berre opptaket svare på.
PC-snarvegar: Space play/pause – Esc stopp – ↑↓ transponer
Snu telefonen
