← Attende til Notearkivet
Lurlått frå Valdres
Ludvig M. Lindeman tok denne lurlåtta med i «Ældre og nyere norske Fjeldmelodier» (1853–67) som «Lua-Laatt. Valders», sett for klaver. Jørn Simenstad har gjort henne om til ei form som kan spelast på lur. Tonar som ikkje finst i overtonerekkja, er bytte ut med den næraste naturtonen, og seksten er bytt ut med den vesle septimen. Han noterer i C, og på ein G-lur klingar låta i Lindeman sin toneart. Notane er henta frå jubileumsboka til Norsk Lur- og Bukkehornlag (2017).
PC-snarvegar: Space play/pause – Esc stopp – ↑↓ transponer
Snu telefonen
Songtekst
velg sjøl
