← Attende til Notearkivet
Lulletti-melodi etter Jaakko Lonkainen
Lulletti er eit finsk trehorn med fingerhòl frå Karelen, laga som ein neverlur av to uthola halvdelar, og om lag så stort som eit bukkehorn. Magnar Storbækken kalla det eit «bukkehorn av tre». A. O. Väisänen skreiv ned melodien etter Jaakko Lonkainen i 1916, då Lonkainen var 63 år. Instrumentmakaren Rauno Nieminen sende notane til NLB. Notane er henta frå jubileumsboka til Norsk Lur- og Bukkehornlag (2017).
PC-snarvegar: Space play/pause – Esc stopp – ↑↓ transponer
Snu telefonen
