← Attende til Notearkivet
Lars Linkelifot etter Anders Musum
Helge Dillan nedteikna denne forma av «Lars Linkelifot» etter Anders Musum i Verdal i 1949. Visa om omstreifaren Lars er kjend frå store delar av landet, men melodien her er ein annan enn den Edvard Bræin skreiv ned i Sunndalen. Musum si form går i moll og brukar berre fem tonar, frå grunntona opp til kvinten. Teksten er ikkje med i nedteikninga eg har.
Tempo
BPM
Reinstemming etter Eivind Groven – reine intervall (5-limit just intonation). Les meir
Gilland-stemming – meråkerklarinetten sin autentiske intonasjon slik Harald Gilland bygde instrumentet. Halvhøg (nøytral) ters og septim (−50 ¢), senka sekund og sekst (−25 ¢), forhøga kvart (+25 ¢).
PC-snarvegar: Space play/pause – Esc stopp – ↑↓ transponer
Snu telefonen
