← Attende til Notearkivet
Kuselyftes
Helge O. Strand frå Ål hadde lurlåttane etter far sin, og i 1932 skreiv Arne Bjørndal ned både notane og rima til dei. Låta ligg på naturtonane g, c, e og g og passar godt for den som skal lære å spele lur. Eilif Gundersen har brukt henne på lurkurs. Notane er henta frå jubileumsboka til Norsk Lur- og Bukkehornlag (2017).
PC-snarvegar: Space play/pause – Esc stopp – ↑↓ transponer
Snu telefonen
Songtekst
Kuselyftes, kuselyftes, kuselyftes,
ta på pelikon,
stauke dygtig, stauke dygtig, stauke dygtig
Der spratt ein glo på kusa di,
kom mæ eit vasspand å slå dæ ti,
mindre, mindre, mindre fa ta dæ i
