← Attende til Notearkivet
Det vanta meg mjøl
Denne prillarhornlåtta har ein bodskap med ord. Segna om Stutar-Kari er fortald i Dølaminne i 1922. Dottera var på stølen og bles heim om at dei mangla mjøl, salt og alt, og at vesle guten gret. Kari svara med sitt eige horn, «Jenta mi», og reiste til stølen same dagen. Låta er etter Ola Perstølen på Ål. Notane er henta frå jubileumsboka til Norsk Lur- og Bukkehornlag (2017).
Tempo
BPM
Reinstemming etter Eivind Groven – reine intervall (5-limit just intonation). Les meir
Gilland-stemming – meråkerklarinetten sin autentiske intonasjon slik Harald Gilland bygde instrumentet. Halvhøg (nøytral) ters og septim (−50 ¢), senka sekund og sekst (−25 ¢), forhøga kvart (+25 ¢).
PC-snarvegar: Space play/pause – Esc stopp – ↑↓ transponer
Snu telefonen
Songtekst
Det vanta meg mjøl og det vanta meg brød. Det vanta meg salt og det vanta meg alt. Eskal drive på, men vesle guten han græt no då!
