Flishornet, eller tungehornet, er eit bukkehorn med ei flis av einer. Tonen blir laga på same måte som på klarinett og saksofon, gjennom eit tynn treflis som vibrerer, men på flishornet sit flisa på sida av hornet og ikkje under. Det gjer instrumentet smålumsk og eigenrådig, og desto meir givande når det losnar.
I videoen under tek saksofonist og bukkehornspelar Karl Seglem deg inn i verda til flishornet. Denne teksten følgjer videoen steg for steg, så du kan lese deg opp før du set i gang, eller slå opp att medan du øver.
Kva er eit flishorn?
Hornet kjem frå ein geitebukk, og storleiken varierer med kor gammal bukken var. I Noreg finst det to typar bukkehorn: På trompethornet nyttar du trompetteknikk og ‘pruttar’ med leppene, medan flishornet har ei flis, altså same type lydkjelde som klarinetten og saksofonen.
Hornet Karl spelar på i videoen har åtte fingerhòl, tre og fire på oversida og eitt for tommelen. Det er òg godt nedslipt. Mange horn er meir knudrete og mindre bearbeida, og Karl meiner at mindre materiale, altså tynnare keratin, gjev ein litt skarpare klang.
Vil du vite meir om historia, utbreiinga og handverket bak instrumentet, har eg ein eigen artikkel om flishornet.
Å få lyd
Det fyrste rådet er kanskje det viktigaste: spel svakt. Poenget er ikkje å blåse hardt, men å få flisa til å vibrere inne i munnen.
Flisa bør vere fuktig. Legg leppene rundt heile «nebbet» på hornet og tett godt att, så ingen luft slepp ut på sidene. All lufta skal gjennom opninga millom flisa og hornet, og det er der vibrasjonen oppstår.
Tjukkleiken på flisa er avgjerande for klangen. Skal du kunne spele svakt, treng du ei tynn flis. Ho må ikkje vere for tjukk, men her finst det ingen fasit, berre prøving. Det er lett å spele sterkt og vanskelegare å spele svakt, så byrj i den vanskelege enden for å opparbeide deg kontroll over flisa og lyden. Les meir her om korleis du kan lage dine eigne fliser til flishorn.
Pass samstundes på at du ikkje klemmer så hardt at flisa blir pressa heilt inn mot hornet, for då stoppar ho. Kan ikkje flisa vibrere, blir det heller ingen tone. Det må alltid stå ei opning open, og opninga kan du regulere sjølv. Jo større ho er, desto meir kraft krev ho i pusten.
Tonane på hornet
Byrj nedst på hornet. Der sit hendene støtt, og du treng ikkje bry deg så mykje med venstre arm til å byrje med. Dekk alle hòla, lytt til tonane og få ein varm klang før du går vidare. Etter kvart som du opnar hòl oppover, må du klemme litt meir for kvar tone.
Øyra er det viktigaste reiskapet. Millom fingerhòla ligg det halvtonar og kvarttonar som du finn ved å dekke hòla halvvegs, og øvste tonen kan du presse ein halvtone opp eller ned med leppene. Hornet i videoen har grunntone E og går ned til D, og manglar leietone. Dei fleste andre flishorn har leietona som nederste tone. Ingen horn er heilt like, og det er noko av det finaste med bukkehornet!
Flisa og spyttet
Når du har spelt ei stund, samlar det seg spytt i opninga under flisa. Det gjev gurglelydar og litt naturleg vreng, og det kan vere flott i seg sjølv. Men blir det for mykje spytt, sluttar flisa rett og slett å vibrere. Då er det berre å tørke eller suge spyttet ut og halde fram.
Å setje på flisa
Flisa blir halden på plass av ein sterk, vaksa lintråd som blir surra rundt hornet, ned i eit hakk som er skore til for føremålet på dei fleste horn. Tråden skal sitje stramt, for det er strammingen som lèt deg justere opninga slik du vil ha ho.
Sjølve flisa er slipt og skori til særskilt til kvart horn, og laga av einer. Ho skal dekke heile lufthòlet, utan glipe i kantane. Monteringa av flisa kan endra stemminga litt. Ingenting er fast her, slik det er på ein saksofon eller klarinett der flisa har éin rett plass. Som Karl seier det i videoen: det finst ingen mal, du er malen.

Hornet han syner fram er laga av Magnar Storbækken, og var det siste hornet Magnar bygde til han.
Lær deg «Gammal Rørsle»
Til slutt spelar Karl «Gammal Rørsle», ein av dei fyrste låtane han skreiv på eit trompethorn. Hornet i videoen manglar leietone, så der låten vil ha ein halvtone, dekker han halve hòlet for å nå tonen. Det er ei fin øving i nettopp det å bruke øyra framfor grepa.
Låtar å spele på flishorn
Det ligg 11 låtar for flishorn i notearkivet mitt — interaktive notar med avspeling og transponering, fritt å bruke.
Sjå låtane →Bli betre kjend med Karl Seglem
Karl Seglem er komponist, produsent, poet og saksofonist, og har spelt flishorn i godt over tjue år. I portrettvideoen «Musikarmøte» fortel han om korleis han kom i gang med bukkehornet, kva instrumentet gjer med musikken hans, og korleis han brukar det i eige kunstnarleg virke.

