Handverk & vedlikehald

Korleis lage flis til flishorn

Lær korleis du lagar di eiga einerflis til flishorn – frå val av materiale til ferdig flis klar til speling. Praktisk guide basert på norsk tradisjon og handverkserfaringar.

Flisa – også kalla tunga – er lydprodusenten på flishornet. Utan ei velfungerande flis er det ingen tone. Denne guiden tek deg steg for steg gjennom korleis du lagar di eiga flis av einer, frå råmateriale til ferdig instrumentflis.

Metodane er basert på og arva frå levande tradisjon og handverkarar i heile det norske og svenske flishornområdet. Det finst variasjonar i råd og teknikkar; dette er ei samanstilling av det som har vist seg å fungere best i praksis.

Du treng

  • Eit rettvoksi emne av einer (ca. 10–12 cm lengde er nok)
  • Ein skarp kniv
  • Sandpapir i fleire finleiksgradar
  • Ein blyant
  • Voksa lintråd
  • Hornet ditt med flis-munnstykke

1. Val av materiale

Einer (lokalt også kalla brisk, bresk, bruse, brakje, sprakje, ene, eíni) er det suverent mest brukte og tilrådde materialet til flis gjennom heile tradisjonsområdet for flishorn. Det finst kjeldebelagte opplysningar om einerflis frå Trøndelag, Hedmarken, Nord-Møre, Vest-Agder og Sverige – sjå Jenssens masteroppgåve (2010).

Kvifor einer?

Kjerneveden i einer er, når han har tørka, eit spenstig og seigt materiale som er ideelt for dette bruket. Det liknar på eigenskapane ein finn i bambus – brukt til flis på klarinett og saksofon – men med den fordelen at det let seg bøye til over munnstykket.

  • God spenst og stivheit
  • Tilstrekkeleg seigheit til å tole bøying utan å brekke
  • Parallelle trefiber når ein finn eit rettvoksi emne
  • God haldbarheit over tid

Kva del av eineren?
Tradisjonane er delte: nokre tilrår ytterved (fersk einer), andre kjerneved (tørka på rot). Eit godt kompromiss er tørka kjerneved: lag tynne skiver av tørre einerkubbar på bandsag og spikk fliser av desse. Dette gjev eit stivare og meir stabilt materiale.

Andre materiale

Andre materiale har vorte brukt med godt resultat:

  • Selje – prøvd med hell, ifølgje Jenssen
  • Messing og jernblikk – stabilt og haldbart, men ver merksam på skarpe kantar (sjå kapittel 8)
  • Plast (t.d. frå Tupperware-boksar) – lagast på same måte som einerflis (sjå kapittel 9)
  • Bambus – vanskeleg fordi det er så sprøtt; krev eit heilt plant munnstykke

2. Finne og klargjere emnet

Det ideelle råmaterialet er ein einerstamme som er så rettvoksi som mogleg, slik at trefibrane er rette og parallelle. Emnet treng berre vere rett over éi lengd på rundt 10–12 cm – nok til sjølve tunga pluss eit skaft på 3–5 cm.

Sag emnet opp i tynne skiver på bandsag langs fiberretninga, eller kløyv det med kniv eller øks. Skivene bør vere 3–5 mm tjukke som utgangspunkt.

Margsida av veden bør vere oversida av flisa – altså den sida som vendast bort frå munnstykket. Ytesida (barksida) er tettare og glattare og eignar seg difor betre som anleggsflate mot munnstykket.

Medved-retning er avgjerande
Flisa bør ligge i medveds retning av emnet – dvs. høvl med fibrane, ikkje mot dei. Prøv deg fram med ein skarp kniv: der du kan høvle av tynne spon i lengderetninga er oversida av flisa.

3. Bestem form og merk opp emnet

Før du byrjar å spikke, må du planlegge forma på flisa.

Steg 1: Puss undersida
Legg eit sandpapir flatt på eit bord og puss undersida av emnet til det er heilt jamnt og glatt. Bruk fleire finleiksgradar. Undersida er den sida som sidan kjem til å ligge mot anleggsflata på munnstykket.

Steg 2: Legg emnet mot munnstykket
Legg den pussa undersida mot anleggsflata på hornet sitt munnstykke og teikn av omrisset med ein spiss blyant. Merk av eit skaft på 3–5 cm og marker knekkpunktet der flisa skal bøyast rundt kanten på munnstykket.

Steg 3: Teikn forma
Omrisset av flisa med skaft skal likne litt på ei paddelåre eller eit teskei. Det er ein fordel å teikne ei pil på oversida av flisa som viser fiberretninga, og eit kryss som viser knekkpunktet.

Standardmåla eg brukar som utgangspunkt

Steg 4: Sker til omrisset
Sker til forma med ein skarp kniv, kontursag eller liknande. Bruk fint sandpapir til finpuss av kantane. Behald merket som viser knekkpunktet.

4. Tynn ut og form flisa

Dette er det mest tids- og nøyaktigheitskrevande steget. Prinsippet er enkelt, men utføringa krev tolmod.

Grunnprinsippet
Flisa skal ha ein fastare og tjukkare kjerne sentralt (nokon kallar det «hjarte»), og tynne gradvis ut mot sidene og mot spissen. Aldri tynn flisa jamt/flatt – det er kjerna som gir stabilitet.

Bruk kniven som ein høvel og høvl av fine spon framover mot spissen av flisa. Arbeid forsiktig og på kryss om kvarandre, og kjenn jamt med fingrane kor tjukk flisa er ulike stader.

  • Ikkje tynn ut for mykje på ein gong
  • Kontroller jamleg ved å halde flisa mot lyset
  • Slutt å spikke når du nærmar deg rett tjukkleik; finpuss gjerast med sandpapir

5. Bøy og tørk flisa

Når forma og tjukkna er omtrent riktig, må flisa bøyast rundt kanten på munnstykket og tørkast i rett posisjon.

Steg 1a: Mjukn flisa med spytt
Putt flisa i munnen og tygg forsiktig med framtennene på knekkpunktet i 15–20 minutt. Enzymane i spyttet mjuknar trefibrane, og massasjen arbeider spyttet inn i veden.

Steg 1b: Mjukn flisa med varmtvatn
Ein raskare metode er å legge flisa i eit varmt vassbad i omlag 30 minutt. Kast gjerne eit par fliser oppi ein vasskokar og slå han på. Etter 30 minutt tar du dei ut og kjenner etter om dei har fått tilstrekkeleg med bøy i seg.

Steg 2: Bøy forsiktig
Legg flisskaftet mot skaftets anleggsflate på hornet og press flisa forsiktig over kanten og ned mot den skråkappa anleggsflata på hornet. Viss det er for stor motstand, må flisa mjuknast opp meir – eller ta vekk litt meir tjukkn – før du prøvar igjen. Viss flisa knekk: rykk attende til start. Det høyrer med.

Steg 3: Surr fast og lat tørke
Når flisa ligg godt mot munnstykket med både skaft og flis, surrar du ho fast med voksa lintråd. Knyt ei renneløkke med tråden og surr fast flisa. La ho tørke i minst éi time. Forma set seg, og flisa er nærast ferdigforma.

Tips: voksa lintråd
Voksa lintråd er sterk, kan strammast godt og er lett klissete, slik at flisa er enkel å feste. Du kan også skere ei lita fure på tvers på undersida av flisa i knekkpunktet for å gjere bøyinga lettare.

6. Finpuss og juster tonen

Etter tørking er det tid for finpuss. Dette er ein iterativ prosess der du vekslar mellom å pusse og prøvespele til tonen er riktig.

Legg sandpapir flatt på eit bord. Hald flisa i skaftet med ei fingerpute mot undersida og puss oversida mot sandpapiret. Med fingeren kan du styre nøyaktig kvar du pussar.

Kva seier tonen deg?

SymptomÅrsak og tiltak
Rå og skurrande toneFlisa er for tjukk og stiv – puss meir på oversida
Lufta klarer ikkje setje flisa i svingingarFlisa er for tjukk/stiv, eller ho gaper for mykje frå anleggsflata
Tonen sprekk og er tynn og skerandeFlisa har vorte for tynn – for lite spenst. Rykk attende til start. Du kan også prøve å legge ein liten klump bivoks ytst på flisspissen. Dette aukar vekta og stabiliserer tonen.

Justere vibrerande lengde

Kor lang del av flisa som vibrer har stor innverknad på tonen. Dette kan regulerast med trådsløyfa på munnstykket: flytt sløyfa framover for kortare vibrerande lengde (lysare tone), bakover for lengre (mørkare tone). Ein alternativ metode er å dra forsiktig i flisa slik at ho glir litt fram eller tilbake – nyttig når tråden sit fast i eit spor.

7. Fukte flisa før speling

Fukt flisa ved å ha ho litt i munnen rett før speling, slik klarinettspelarar og saksofonistar gjer. Dette er som oftast nok. Nokre har også oppbevart heile hornet i vatn for å halde både horn og flis fukta, men eigne erfaringar tilseier at dette er mindre nødvendig enn å fukte sjølve flisa.

8. Alternativ: Metallflis

Metallflis av messing eller jernblikk har også vorte brukt. Fordelen er eit stabilt og haldbart materiale som ikkje er så lett å øydelegge som einer. Messing er spesielt godt eigna fordi det toler fukt og spytt utan å ruste – men ver merksam på skarpe kantar.

Framgangsmåte som omtalt i Jenssens oppgåve:

  1. Finn riktig metall – Messingbelagde kakeboksar av jernblikk har vist seg å vere eit godt alternativ. Tynn messingplate valsa til riktig tjukkn fungerer også godt.
  2. Teikn av omrisset – Legg metallplata mot munnstykket og teikn av omrisset med tusj. Metallflisar må ofte vere litt smalare enn einerflisar for å fungere.
  3. Klipp ut med platesaks – Puss alle kantane godt med smergelpapir slik at det ikkje er skarpe eggar.
  4. Bøy og prøv – Bøy flisa til slik at ho gaper litt frå munnstykket. Monter med tråd og prøv tonen.

Merknad om metallarbeid
Det er lite å hente på å tynne ut metallet slik du gjer med tre. Det viktigaste er difor å finne metallplater med den riktige tjukkna og spenstfrå start av.

9. Alternativ: Plastflis

Plast frå plastboksar (t.d. Tupperware) har også vorte brukt med godt resultat. Teknikken er i stor grad den same som for einerflis: teikn opp omrisset, sker til forma, puss til riktig tjukkn og spenst med sandpapir. Fordelen er eit stabilt og haldbart materiale som ikkje påverkast av fukt.

Oppsummering

Ei god flis krev tolmod, gode verktøy – ein skarp kniv og sandpapir – og mykje prøving og feiling. Kvar flis er unik, og sjansen er stor for at du må lage fleire før du finn den som gir god tone. Lukke til!


Halvfabrikat einerfliser til flishorn

Vil du hoppe over det tyngste arbeidet?

Eg sel halvfabrikat-einerfliser i standardmål. Desse er ferdig tilskorri og dimensjonerte, men bevisst ikkje ferdigbøygde eller nedpussa til sluttjukkn. Du gjer den enkle delen sjølv (frå steg 5): fukt, bøy, puss og finjustér til munnstykket ditt.

Perfekt om du vil ha reserve i bakhand utan å måtte lage frå botn, eller om du enno ikkje har tilgang på godt einermateriale.


Handlekurv
Skroll til toppen